Du leser:
Kva er misjon?

Kva er misjon?

Avatar photo
Kva er misjon?

Evangeliet er i sin natur grensesprengjande. Gud elskar alle menneske og kjenner ingen respekt for menneskelege grenser som vil hindra evangeliets frie løp.

Misjon er eit avgjerande aspekt av kristen tru, der alle kristne er kalla til å dela den gode bodskapen om Guds rike. Gjennom å døype og undervise skal vi leie menneske til lydnad i tru, både lokalt og globalt. Dette oppdraget er djupt forankra i Guds kjærleik, som er drivkrafta bak all misjon, og vi står saman om å spreia evangeliet og sjå Guds frelseplan fullført.

Misjon er eit felles oppdrag

Vi er saman med alle kristne kalla til å gjera alle folkeslag til læresveinar. Vi har ein god bodskap å bera fram. Vi har godt nytt om Guds rike som må gjerast kjend. Vår teneste er å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru. Jesus sa at vi skulle døypa dei som trur og læra dei å halda alt det han har bode oss. Misjon inneber å læra heile folkeslag å leva etter Guds ord. Det er noko alle kristne er saman om

Eg trur på lokale forsamlingar. Eg trur på apostoliske nettverk. Men vi er kalla til eit felles oppdrag som er så stort at inga forsamling eller nettverk kan fullføra det åleine. Vi er med andre ord kalla til å driva misjon saman med alle dei som på kvar sin stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn. Dette inneber at misjon er meir enn å senda misjonærar til andre land. Misjon er noko som må gjerast saman med kristne på kvar stad

Misjon er Guds hjartesak

Eg trur det er tid til å forstå at misjon er Guds hjartesak. Fordi Gud er kjærleik, er han ein sendande Gud. Han elska verda og sende Jesus for å frelsa verda frå urett og vondskap. Guds plan er ein frelseplan for heile verda. Guds misjon er å berga verda og alle menneske som bur på jorda. Jesus kom for å gjera ende på djevelens gjerningar og forkynna godt nytt om Guds rike som var kome nær for å omskapa menneska og verda dei lever i. 

Om vi forstår misjon som Guds arbeid for å berga heile verda, menneske og samfunn, folkeslag og kulturar, kan vi ikkje tenkja på misjon som noko som føregår i framande land. Misjon er å vera Guds medarbeidar for å sjå Guds frelseplan, om at alt i himmelen og på jorda skal samlast til eitt i Jesus Kristus, bli fullført. Misjon er å vera merka av Guds hjartelag for alle menneske og å vera gripne av det som er hans hjartesak: å frelsa menneske.

Misjon er å vera sendt

Gud er ein sendande Gud. Han sendte Sonen sin til frelse for verda. Sonen sende ut læresveinane sine. Forsamlingane si store oppgåve er å senda ut tusenvis av nye misjonærar. Det treng ikkje kosta mykje pengar. Det handlar om å anerkjenna kva nådeutrustning og kall folk har og senda dei ut som misjonærar på arbeidsplassar og studieplassar. Vi treng tusenvis av nye misjonærar av ”teltmakartypen” i vårt eige land, i Europa og til endane på jorda. Vi må nå nye grupper av menneske i vårt land og unådde folkegrupper i andre land.

Koss kan folk koma til tru, venda om, bli døypt og få eit heilt nytt liv om det ikkje er nokon som forkynner godt nytt om Guds rike i deira kvardag? Koss kan nokon forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Dette er den apostoliske problemstillinga til Paulus (Rom.10,14-15) som eg er redd vi altfor ofte overser. Eg trur at konkret utsending gjer noko med dei som blir send. Det skaper tryggleik og frimod hjå dei utsende. Dei kan vitna, forkynna og dela trua si med større tyngde enn før utsendinga og dei vil bera meir frukt. Utsendinga utrustar dei til å forkynna med verknad.

Det er stor skilnad på verknaden av bodskapen vår om vi er ”personlege frilansarar” eller om vi er skikkelege utsendingar. Det veit eg frå mitt eige liv. Eg veit kva det er å gå på eige initiativ og stå på med alt du har og sjå lite frukt. Eg veit og kva det er å vera sendt og sjå frukt og gjennombrot eg tidlegare berre kunne drøyma om. Det er ei stor velsigning og utrustning i å vera sendt. Forsamlingane våre må tenkja nytt i å senda folk ut som misjonærar i sin eigen kvardag. 

Misjon har ingen grenser

Vanlegvis tenkjer vi på misjon som å kryssa grenser og reisa til framande land og kulturar for å forkynna evangeliet for menneske som ikkje har høyrd det før. Mange land har prøvd å stengja grensene sine for misjonsarbeid, men til alle tider har Jesu etterfølgjarar funne måtar å nå menneske bak både såkalla jernteppe og bambusmurer. Misjonen kjenner ingen grenser. Evangeliet er i sin natur grensesprengjande. Gud elskar alle menneske og kjenner inga respekt for menneskelege grenser som vil hindra evangeliets frie løp.

Avkristninga av vårt eige land går skremmande fort fram i våre dagar. Det må vekkja oss opp. Det er ikkje tid til å sova eller å la ting skura og gå sin skeive gang. Vi må bort frå vedlikehaldsmentalitet og ta inn over oss misjonsoppdraget på ny. Vi må driva misjon i vårt eige land. Frå bedehuset hugsar eg eit spørsmål frå ei salme som er meir aktuell enn nokon gong: ”Av døpte vrimler land og strand, men hvor er troens brann?”  Avkristninga i samfunnet kjem av fråfallet frå trua på Guds ord hos prestar og kristne leiarar og folk som seier dei er kristne med leppene! Utan brann i hjartet er det inga framgang for evangeliet.

Les også

Misjonsmarka er like utanføre døra vår. Då tenkjer eg ikkje berre på dei mange innvandrarane frå alle kantar av verda som Herren har sendt til oss for å få høyra og sjå evangeliet. Eg tenkjer på alle våre landsmenn som ikkje kjenner Gud! Ikkje minst tenkjer eg på den unge generasjonen som veks opp utan å kjenna Jesus. Det er vår store utfordring. Her kan vi driva misjon utan grenser! Her er det rom for alle med eit brennande og varmt hjarte. Kjærleik og omsorg er eit språk alle forstår. Misjon utan grenser inneber eit personleg ansvar for kvart einaste Jesustruande menneske om å gjera Jesus kjend der vi lever. Det handlar om å ta Guds ord på alvor. Vi har eit oppdrag å fullføra!

Misjon er vår takk for Golgata

På Golgata viser Gud oss sin grenselause kjærleik. Han gav sin einborne Son til å døy i vår stad, ta vår skuld på seg og sona vår straff. På Golgata vann den evige kjærleiken over alle øydeleggjande krefter og sette oss fri til å tena den levande Gud utan frykt. Vi elskar han som elska oss først og som synte kjærleik ved å gje livet sitt for oss. All kristen misjon blir driven fram av takk til Gud for det han gjorde for oss på Golgata. Evangeliet om Jesus Kristus kom til oss som godt nytt, som ordet om korset, forsoning, tilgjeving og eit nytt liv i fred med Gud.

Det er takken og kjærleiken til Gud som er drivkrafta i kristen misjon. Det er ikkje pliktkjensle eller håp om ei belønning som driv misjonærane, men eit hjarte fullt av takk. Vi har godt nytt å bera fram. Vi har ein god bodskap å formidla. Vi har noko å stort fortelja, noko Gud har gjort mot oss. Vi kan ikkje teia still. Hjartet er fullt av takk. Vi ønskjer at så mange som råd skal få del i gleda og takken vår.

For Kristi kjærleik tvingar oss! Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døydd. Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for oss. Då Gud i Kristus forsona oss med seg, gav han oss ei forsoningsteneste. Denne tenesta er takken vår til Gud.

Når vi har vorte forsona med Gud, kan vi ikkje lenger leva som om ingenting har hendt. Det Gud gjorde for oss på Golgata, gjeld ikkje berre oss, men alle menneske på jorda. I forsoninga ligg det ei forsoningsteneste og det takksame hjartet driv oss til å gå til andre menneske i mange land med ordet om forsoning.

Med takk i hjartet for kva Gud har gjort for oss på Golgata kan vi møta menneske rundt oss med takk. Vi takkar Gud at han har skapt dei i sitt bilete og forsona dei med seg i Jesus Kristus. Vi takkar Gud for alle menneske vi møter i vissa om at dei er elska og verdifulle. Det er takken, som gjer kristen misjon til noko veldig positivt og byggjande.

© 2023 Jesus People.

Få en ukentlig dose med inspirasjon

Abonner for å motta inspirasjon rett i innboksen din.




Bli inspirert daglig!

Få en ukentlig dose med inspirasjon

Abonner for å motta inspirasjon rett i innboksen din.




Bli inspirert daglig!